Bouabdellah Tahri
Bouabdellah Tahri | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 20. desember 1978 (45 år) Metz |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 2008 – 3000 meter hinder herrer, Friidrett under Sommer-OL 2004 – 3 000 meter hinder herrer, athletics at the 2000 Summer Olympics – men's 3000 metres steeplechase |
Bouabdellah Tahri (fødd 20. desember 1978) er ein fransk tidlegare mellom- og langdistanseløpar frå Metz. Han spesialiserte seg i 3 000 meter hinder og var i tida 2001-11 ein av dei beste i verda på øvinga. Tahri vann bronsemedaljen i hinderløpet under VM 2009, der han sette europarekord med 8.01,1.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Tahri var ein av verdas beste hinderløparar i tiåret frå verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton. I denne perioden vart han nummer 5, 5, 8, 5, 3 og i 4 verdsmeisterskapane, og han vart høvesvis fjerde-, tredje- og andremann i europameisterskapane, medan han i OL 2004 kom på sjuandeplass og i OL 2008 på femteplass.
Tahri gjorde sitt livs løp då han under verdsmeisterskapen i Berlin i august 2009 fylgde tre kenyanarar heilt inn til målstreken, og klarte splitte trioen med di han kneip bronsemedaljen på ny europarekord 8.01,1, ein rekord som gjeld ti år seinare. Den 29. juni 2010 presterte Tahri 8.03,7 i eit stemne i heimbyen Metz, årsbeste på 3 000 m hinder i verda det året.
Tahri sine personlege rekordar elles er 3,32,7 på 1500 meter, 13.12,2 på 5 000 m og 27.31,4 på 10 000 meter, alle oppnådd i tida 2011-14. Han la opp i 2016.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1998 i Budapest: Nr 10 i 3 000 m hinder – 8.41,4
- VM 1999 i Sevilla: Nr 12 i 3 000 m hinder – 8.25,5
- VM 2001 i Edmonton: Nr 5 i 3 000 m hinder – 8.19,5
- EM 2002 i München: Nr 4 i 3 000 m hinder – 8.26,8
- VM 2003 i Paris: Nr 4 i 3 000 m hinder – 8.10,6
- OL 2004 i Aten: Nr 7 i 3 000 m hinder – 8.14,2
- VM 2005 i Helsinki: Nr 8 i 3 000 m hinder – 8.19,9
- EM 2006 i Göteborg: Bronsemedalje i 3 000 m hinder – 8.27,1
- VM 2007 i Osaka: Nr 5 i 3 000 m hinder – 8.20,2
- OL 2008 i Beijing: Nr 5 i 3000 m hinder – 8.14,7
- VM 2009 i Berlin: Bronsemedalje i 3 000 m hinder – 8.01,1
- EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje i 3 000 m hinder – 8.09,2, bakom Mahiedine Mekhissi-Benabbad (8.07,8)
- VM 2011 i Daegu: Nr 4 i 3 000 m hinder – 8.17,5
- EM 2014 i Zürich: Nr 6 på 5 000 m – 14.11,6, nr 7 på 10 000 m – 28.26,0
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Bob Tahri» (på engelsk). Olympedia. Henta 5. august 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Bouabdellah Tahri» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2019.
- Einskildmenn
- Fødde i 1978
- Franske hinderløparar
- Franske langdistanseløparar
- Franske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Franske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Franske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Deltakarar under EM i friidrett 1998
- Deltakarar under VM i friidrett 1999
- Deltakarar under VM i friidrett 2001
- Deltakarar under EM i friidrett 2002
- Deltakarar under VM i friidrett 2003
- Deltakarar under VM i friidrett 2005
- Deltakarar under EM i friidrett 2006
- Deltakarar under VM i friidrett 2007
- Deltakarar under VM i friidrett 2009
- Deltakarar under EM i friidrett 2010
- Deltakarar under VM i friidrett 2011
- Deltakarar under EM i friidrett 2014